Salmenes bok 44
1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom.
2 Gud, me hev høyrt med våre øyro, våre feder hev fortalt oss den gjerning du gjorde i deira dagar, i forne dagar.
3 Du dreiv ut heidningane med di hand, men dei planta du; du øydde folkeslagi, men dei let du breida seg.
4 For ikkje med sitt sverd tok dei landet, og deira arm gav dei ikkje siger, men di høgre hand og din arm og di åsyns ljos; for du hadde hugnad i dei.
5 Du, Gud, er min konge; byd at Jakob skal verta frelst!
6 Ved deg skal me støyta ned våre fiendar, ved ditt namn skal me trakka ned dei som reiser seg imot oss.
7 For min boge lit eg ikkje på, og mitt sverd gjev meg ikkje siger,
8 men du hev gjeve oss siger yver våre fiendar, og dei som hatar oss, hev du gjort til skammar.
9 Gud prisar me all dagen, og ditt namn lovar me til æveleg tid. Sela.
10 Og endå hev du no støytt oss burt og gjort oss til skam, og du dreg ikkje ut med våre herar.
11 Du let oss vika attende for fienden, og dei som hatar oss, fær seg herfang.
12 Du gjev oss burt som sauer til å etast, og spreider oss ikring millom heidningane.
13 Du sel ditt folk for ingen ting, og ikkje set du høg pris på dei.
14 Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for dei som bur ikring oss.
15 Du gjer oss til eit ordtak millom heidningane; dei rister på hovudet åt oss millom folki.
16 Heile dagen stend mi skam for mine augo, og blygsel breider seg yver mitt andlet,
17 når eg høyrer spottaren og hædaren, når eg ser fienden og den hemngjeruge.
18 Alt dette er kome yver oss, endå me ikkje hev gløymt deg og ikkje svike di pakt.
19 Vårt hjarta veik ikkje attende, og våre steg sveiv ikkje ut av din veg,
20 so du turvte slå oss sund der sjakalar bur, og breida oss ned i daudeskugge.
21 Hadde me gløymt vår Guds namn og rett våre hender ut til ein framand gud,
22 skulde Gud då ikkje ransaka det, han som kjenner hjartans løyndomar?
23 Men for di skuld vert me drepne all dagen, me er rekna som slaktesauer.
24 Vakna upp! Kvi søv du, Herre? Vakna upp, støyt ikkje burt for all tid!
25 Kvi løyner du di åsyn, gløymer vår armodsdom og vår trengsla?
26 For vår sjel er nedbøygd i moldi, vår lekam nedtrykt til jordi.
27 Statt upp til hjelp for oss, og løys oss ut for di miskunn skuld!