Salmenes bok 42
1 Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born.
2 Som ein hjort styn etter rennande bekker, so styn mi sjel etter deg, min Gud!
3 Mi sjel tyrster etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg koma og te meg for Guds åsyn?
4 Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
5 Dette lyt eg koma i hug og tøma ut mi sjel i meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med dei til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
6 Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og bruser i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han for frelsa frå hans åsyn.
7 Min Gud! Mi sjel er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet og Hermon-høgdene, frå det vesle fjellet*.
8 Vassflod ropar til vassflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.
9 Um dagen sender Herren si miskunn, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
10 Eg lyt segja til Gud, mitt berg: Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga syrgjeklædd under fiendetrykk?
11 Det er som mine bein vart knasa, når mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: Kvar er din Gud?
12 Kvi er du nedbøygd, mi sjel, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud! for eg skal endå lova han, mi åsyns frelsa og min Gud.