«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 41

1  Til songmeisteren; ein salme av David.

2  Sæl er den som ser til vesalmannen; på den vonde dag skal Herren frelsa han.

3  Herren skal verja han og halda han i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva han til hans mordgjeruge fiendar.

4  Herren skal stydja han på sottesengi; all hans lega lagar du um i hans sjukdom.

5  Eg segjer: Herre, ver meg nådig, læk mi sjel! for eg hev synda mot deg.

6  Mine fiendar talar vondt um meg: Når skal han døy, og hans namn forgangast?

7  Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, og so gjeng han ut og talar um det.

8  Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som er meg til skade:

9  Ei illgjerning heng ved han, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.

10  Ja, endå den som eg levde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.

11  Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva dei lika for det.

12  På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.

13  Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid.

14  Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva til æva! Amen, amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23