«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 4

1  Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2  Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom hev høyrt mitt gråtmål.

3  De velduge menn! Kor lenge skal mi æra vera til spott? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4  Vit då at Herren hev kåra seg ein som er gudleg! Herren høyrer når eg ropar til han.

5  Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på lægjet dykkar og ver stille! Sela.

6  Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!

7  Mange segjer: Kven vil syna oss noko godt? Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!

8  Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikleg.

9  I fred vil eg både leggja meg ned og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23