Salmenes bok 39
1 Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David.
2 Eg sa: Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.
3 Eg tagna og var kurende still; eg tagde til ingen bate, og mi liding vart rørd upp.
4 Mitt hjarta brann i min barm, ved mi grunding kveiktest eld; - eg tala med mi tunga:
5 Herre, lat meg få vita min ende, og målet på mine dagar, kva det er! Lat meg vita kva tid eg skal burt!
6 Sjå, som ei handbreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneske, um han stend aldri so stødt. Sela.
7 Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn.
8 Og no, kva vonar eg, Herre? - Mi von stend til deg.
9 Frels meg frå alle mine brot, gjer meg ikkje til spott for dåren!
10 Eg tegjer og let ikkje upp min munn; for du hev gjort det.
11 Tak burt frå meg di plaga! Ved slag av di hand er det ute med meg.
12 Tuktar du ein mann med refsing for misgjerd, so øyder du hans herlegdom som molen; berre fåfengd er kvart menneske. Sela.
13 Høyr mi bøn, Herre, og vend øyra til mitt rop, teg ikkje til min gråt! for eg er framand hjå deg, ein gjest som alle mine feder.
14 Sjå burt frå meg, so eg kann kvikna til, fyrr eg fer herifrå og er ikkje meir!