«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 36

1  Til songmeisteren; av David, Herrens tenar.

2  Dei ord som syndi gjev den ugudlege inn, er i mitt inste hjarta*. Ingen otte for Gud er det for hans augo.

3  For han tykkjer det er ei æra når ein finn hans synd, når ein hatar han.

4  Ordi i hans munn er urett og svik; han hev halde upp å fara visleg åt, å gjera godt.

5  Han tenkjer upp urett på sitt lægje; han stig ut på ein veg som ikkje er god; han styggjest ikkje frå det vonde.

6  Herre, til himmelen når di miskunn, din truskap upp til dei høge skyer.

7  Di rettferd er som veldige fjell, dine domar er ei stort havdjup; menneske og dyr frelser du, Herre!

8  Kor dyrverdig er di miskunn, Gud! Mannsborni flyr inn i skuggen av dine venger.

9  Dei vert mette til fullnad av det feite i ditt hus, og av din yverflødande fagnad gjev du dei å drikka.

10  For hjå deg er livsens kjelda, i ditt ljos ser me ljos.

11  Lat di miskunn vara lenge for dei som kjenner deg, og di rettferd for dei ærlege i hjarta!

12  Lat ikkje foten åt den ovmodige koma yver meg, og handi åt dei ugudlege ikkje jaga meg burt!

13  Der fell dei som gjer urett; dei vert støytte ned og kann ikkje reisa seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23