«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 35

1  Av David. Herre, tretta med dei som trettar med meg! Strid mot dei som strider mot meg!

2  Grip skjold og verja og reis deg til hjelp for meg!

3  Drag spjotet fram og steng vegen for dei som forfylgjer meg! Seg til mi sjel: Eg er di frelsa!

4  Lat dei blygjast og skjemmast som stend meg etter livet! Lat dei vika attende med skam som vil meg noko vondt!

5  Lat dei verta som agner for vinden, og Herrens engel støyte dei burt!

6  Lat deira veg verta myrk og hål, og Herrens engel forfylgje dei!

7  For utan årsak hev dei løynleg stelt til si garngrav* åt meg, utan årsak hev dei grave ei grav for mitt liv.

8  Lat tjon koma uventande yver han, og lat det garnet han løynleg la ut, fanga han; lat han falla i det til sitt tjon!

9  Då skal mi sjel gleda seg i Herren, fagna seg i hans frelsa;

10  alle mine bein skal segja: Herre, kven er som du, du som friar den arme frå den som er han for sterk, den arme og fatige frå den som plundrar han?

11  Det stend upp urettferdige vitne; dei spør meg um det som eg ikkje veit.

12  Dei gjev meg vondt til løn for godt; mi sjel er lati åleine.

13  Men eg, eg gjekk i syrgjeklæde, då dei var sjuke; eg pinte mi sjel med fasta, og mi bøn vende att til min barm*.

14  Eg gjekk ikring, som det skulde vore min ven, min bror; eg gjekk bøygd og syrgjeklædd som ein som syrgjer på mor si.

15  Men no då det hallar med meg, no gled dei seg og flokkar seg saman; skarns-folk flokkar seg uventa um meg; dei riv sund* og kviler ikkje.

16  Liksom skamløysor som driv spott for ein brødbete, skjer dei tenner imot meg.

17  Herre, kor lenge vil du sjå på? Drag mi sjel undan deira herverk, mitt einaste* frå ungløvone!

18  Eg vil prisa deg i ei stor samling, lova deg millom mykje folk.

19  Lat ikkje dei som utan grunn er mine fiendar, gleda seg yver meg! Lat ikkje dei som hatar meg utan årsak, blinka med auga!

20  For dei talar ikkje fred, men tenkjer upp svik mot dei stille i landet.

21  Og dei riv munnen vidt upp imot meg, dei segjer: Ha, ha! Der ser vårt auga!

22  Du ser det, Herre, teg ikkje! Herre, ver ikkje langt i frå meg!

23  Vakna upp og vert vaken til å gjeva meg rett, min Gud og Herre, til å føra mi sak!

24  Døm meg etter di rettferd, Herre min Gud, og lat dei ikkje gleda seg yver meg!

25  Lat dei ikkje segja i sitt hjarta: Ha! Som me ynskte! Lat dei ikkje segja: Me hev gløypt han!

26  Lat dei skjemmast og blygjast alle som gled seg i mi ulukka; lat dei klæda seg i skam og skjemsla dei som høgmodast yver meg!

27  Lat dei fagna seg og gleda seg som unner meg min rett, og lat dei alltid segja: Høglova vere Herren, som unner sin tenar at det gjeng han godt!

28  Då skal mi tunga kveda ut di rettferd, heile dagen din pris.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23