«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 34

1  Av David, då han tedde seg galen hjå Abimelek, so han jaga han av, og han gjekk burt.

2  Eg vil lova Herren til kvar tid, hans pris skal stendigt vera i min munn.

3  Mi sjel skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.

4  Lova Herrens storvelde med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!

5  Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alt det som skræmde meg.

6  Dei som skoda upp til han, lyste av gleda, og deira andlet turvte aldri blygjast.

7  Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste han or alle hans trengslor.

8  Herrens englar lægrar seg rundt ikring dei som ottast han, og han friar dei ut.

9  Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til han.

10  Ottast Herren, de hans heilage! For inkje vantar dei som ottast han.

11  Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, dei vantar det inkje godt.

12  Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.

13  Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka.

14  Haldt tunga frå det som vondt er, og lippone frå svikfull tale!

15  Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter han!

16  Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.

17  Herrens åsyn er imot dei som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.

18  Hine ropar, og Herren høyrer og friar dei ut or alle deira trengslor.

19  Herren er nær hjå dei som hev eit sundbrote hjarta, og frelser dei som hev ei hugsprengd ånd.

20  Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar han ut or dei alle.

21  Herre tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av dei vert brote.

22  Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.

23  Herren løyser ut deira sjel som tener han, og av dei som flyr til han, vert ingen saka.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23