Salmenes bok 33
1 Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For dei ærlege sømer seg lovsong.
2 Prisa Herren med citar, lovsyng han til tistrengja harpa!
3 Syng han ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod!
4 For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.
5 Han elskar rettferd og rett; av Herrens miskunn er jordi full.
6 Himlane er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande.
7 Han samlar havsens vatn som ein dunge, legg dei djupe vatn i upplagshus.
8 All jordi må ottast for Herren, for han skjelve alle som bur i mannheimen!
9 For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.
10 Herren spiller heidningfolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.
11 Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
12 Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.
13 Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle mannsborni.
14 Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,
15 han som hev laga deira hjarto alle saman, han som aktar på alle deira gjerningar.
16 Ein konge vert ikkje frelst ved si store hermakt, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.
17 Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.
18 Sjå, Herrens auga ser til dei som ottast han, som ventar på hans miskunn,
19 til å fria deira sjel frå dauden og halda dei i live i hungersnaud.
20 Vår sjel ventar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.
21 For i han gled vårt hjarta seg, for di me set vår lit til hans heilage namn.
22 Di miskunn, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!