«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 32

1  Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hev fenge si misgjerd tilgjevi og si synd yverbreidd.

2  Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd.

3  Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.

4  For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.

5  Eg sanna mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sa: Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren. Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.

6  Difor skal kvar som er trugen, beda til deg den tid du er finnande. Sanneleg, når store vassfløde kjem, til han skal dei ikkje nå.

7  Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla; du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.

8  Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg.

9  Ver ikkje som hest og muldyr, som ikkje hev vit! Deira prydnad er taum og beisl til å tvinga dei, elles kjem dei ikkje nær til deg.

10  Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, han kransar han med miskunn.

11  Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de ærlege i hjarta!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23