Salmenes bok 31
1 Til songmeisteren; ein salme av David.
2 Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!
3 Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!
4 For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.
5 Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev lagt for meg; for du er mi vern.
6 I di hand gjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
7 Eg hatar dei som aktar på tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren.
8 Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjelenaud;
9 du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på ein romlendt stad.
10 Ver meg nådig, Herre! for eg er i naud; mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjel og min lekam.
11 For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde.
12 For alle mine fiendar skuld hev eg vorte til stor spott for mine grannar og til ei skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg.
13 Eg er gløymd og ute or hjarta som ein daud mann; eg hev vorte som eit sundbrote kjerald.
14 For eg høyrer baktale av mange, redsla frå alle kantar, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.
15 Men eg, eg set mi lit til deg, Herre! Eg segjer: Du er min Gud.
16 I di hand stend mine tider*; berga meg or handi på mine fiendar og frå dei som forfylgjer meg!
17 Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn!
18 Herre, lat meg ikkje verta til skammar! for eg ropar til deg. Lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen!
19 Lat lygn-lippone verta mållause, dei som talar skamdjervt mot den rettferdige med ovmod og vanvyrdnad!
20 Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt dei som ottast deg, som du hev vist mot dei som flyr til deg, for augo på mannsborni!
21 Du løyner dei i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer dei i ei hytta mot kiv av tungor.
22 Lova vere Herren! for han hev vist si miskunn imot meg på underfull vis i ein fast by.
23 Og eg, eg sa i mi hugsott: Eg er burtriven frå dine augo. Men endå høyrde du røysti av mine inderlege bøner, då eg ropa til deg.
24 Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikleg attergjeld til den som fer ovmodigt fram.
25 Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!