Salmenes bok 3
1 Ein salme av David, då han flydde for Absalom, son sin.
2 Herre, kor mange mine fiendar er! Mange reiser seg imot meg.
3 Mange segjer til mi sjel: Det finst ikkje frelsa for han hjå Gud. Sela*.
4 Men du, Herre, er ein skjold ikring meg, mi æra og den som lyfter mitt hovud.
5 Eg ropa høgt til Herren, og han svara meg frå sitt heilage fjell. Sela.
6 Eg la meg ned og sovna, eg vakna upp; for Herren held meg uppe.
7 Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.
8 Statt upp, Herre, frels meg, min Gud! For du hev slege alle mine fiendar på kinni, du hev knasa tennene på dei ugudlege.
9 Herren høyrer frelsa til. Lat di velsigning vera yver ditt folk! Sela.