«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 29

1  Ein salme av David. Gjev Herren, de Guds søner, gjev Herren æra og makt!

2  Gjev Herren hans namns æra, tilbed Herren i heilag prydnad!

3  Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatni.

4  Herrens røyst ljodar med velde, Herrens røyst med herlegdom.

5  Herrens røyst bryt sund sedertre, Herren bryt sund sedertrei på Libanon,

6  og han fær dei til å hoppa som ein kalv, Libanon og Sirjon som ein ung villukse.

7  Herrens røyst slengjer ut kløyvde eldslogar.

8  Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær Kades-øydemarki til å skjelva.

9  Herrens røyst får hindane til å kalva og snøyder skogane, og i hans tempel segjer alt: Æra!

10  Herren sat på kongsstolen i storflod-tidi, og Herren sit konge til æveleg tid.

11  Herren skal gjeva sitt folk styrke, Herren skal velsigna sitt folk med fred.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23