Salmenes bok 28
1 Av David. Til deg, Herre, ropar eg. Mitt berg, ver ikkje dauv imot meg, so eg ikkje, um du tegjer til meg, skal verta lik dei som fer ned i gravi!
2 Høyr røysti av mine inderlege bøner, når eg ropar til deg, når eg lyfter mine hender til ditt heilage høgkor!
3 Riv meg ikkje burt med dei ugudlege og med ugjerningsmenner, dei som talar um fred med sin næste, men med vondt i sitt hjarta!
4 Gjev dei etter deira gjerning og etter deira vonde åtferd! Gjev dei etter det deira hender hev gjort, løn dei som dei hev fortent!
5 For dei ansar ikkje på det som Herren gjer, eller på verket av hans hender; han skal riva dei ned og ikkje byggja dei upp.
6 Lova vere Herren, for han hev høyrt røysti av mine inderlege bøner!
7 Herren er min styrke og min skjold; til han hev mitt hjarta sett si lit, og eg fær hjelp; difor fagnar mitt hjarta seg høgt, og eg vil prisa han med min song.
8 Herren er deira* styrke og ei vern til frelsa for den han hev salva.
9 Frels ditt folk og velsigna din arv, og fød dei og ber dei til æveleg tid!