«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 26

1  Av David. Hjelp meg til min rett, Herre! for eg hev fare fram i mi uskyld, og til Herren hev eg sett mi lit uruggeleg.

2  Prøv meg, Herre, og røyn meg, ransaka mine nyro og mitt hjarta!

3  For di miskunn er for mine augo, og eg ferdast i din truskap.

4  Eg sit ikkje saman med ljugarar og gjeng ikkje inn hjå fule folk.

5  Eg hatar samkoma av illmenne, og hjå dei ugudlege sit eg ikkje.

6  Eg tvær mine hender i uskyld og vil gjerne ferdast um ditt altar, Herre,

7  til å kveda lydt med lovsongs røyst og fortelja um alle dine under.

8  Herre, eg elskar di husvist, den stad der din herlegdom bur.

9  Riv ikkje mi sjel burt med syndarar eller mitt liv med blodgjeruge menner,

10  som hev skamgjerd i sine hender og si høgre hand full av mutor!

11  Men eg fer fram i mi uskyld; løys meg ut og ver meg nådig!

12  Min fot stend på slettlende; i samlingane skal eg lova Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23