«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 25

1  Av David. Herre, til deg lyfter eg mi sjel.

2  Min Gud, til deg hev eg sett mi lit; lat meg ikkje verta til skammar, lat ikkje mine fiendar gilda seg yver meg!

3  Ja, ingen av dei som ventar på deg, skal verta til skammar; men dei skal verta til skammar som utan årsak bryt si tru.

4  Herre, lat meg kjenna dine vegar, lær meg dine stigar!

5  Leid meg fram i din truskap og lær meg! for du er min Frelse-Gud, på deg ventar eg all dagen.

6  Herre, kom i hug di miskunn og dine nådeverk! for dei er frå æveleg tid.

7  Kom ikkje i hug min ungdoms synder og mine misgjerningar! Kom meg i hug etter di miskunn for din godhug skuld, Herre!

8  Herren er god og rettvis; difor lærer han syndar vegen.

9  Han leider dei spaklyndte i det som rett er, og lærer dei spaklyndte sin veg.

10  Alle Herrens stigar er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt og hans vitnemål.

11  For ditt namn skuld, Herre, forlat meg mi misgjerning! for ho er stor!

12  Kven er den mann som ottast Herren? Honom lærer han den veg han skal velja.

13  Hans sjel skal stødt bu i sæla, og hans avkjøme skal erva landet.

14  Herren hev samlag med dei som ottast han, og hans pakt skal verta kunngjord for dei.

15  Mine augo er stendigt vende til Herren, for han dreg mine føter ut or garnet.

16  Vend deg til meg og ver meg nådig! for eg er einsleg og arm.

17  Min hjarteverk hev dei* gjort stor; før meg ut or mine trengslor!

18  Sjå min armodsdom og mi møda, og forlat meg alle mine synder!

19  Sjå mine fiendar, dei er mange, og dei hatar meg med rettlaust hat.

20  Vara mi sjel og berga meg, lat meg ikkje verta til skammar! for eg flyr til deg.

21  Lat uskyld og ærlegdom verja meg! for eg ventar på deg.

22  Å Gud, løys Israel ut or alle sine trengslor!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23