«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 23

1  Ein salme av David. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.

2  Han fører meg til læger på grøne engjar; han leider meg til vatn der eg finn kvila.

3  Han kveikjer mi sjel, han fører meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

4  Endå um eg skulde ganga i daugeskuggens dal, so ottast eg ikkje for noko vondt; for du er med meg, din kjepp og din stav dei trøystar meg.

5  Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar, du salvar mitt hovud med olje; det fløder yver mitt staup.

6  Berre lukka og miskunn skal fylgja meg alle mine levedagar, og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23