«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 22

1  Til songmeisteren etter "Morgonrodens hind"*; ein salme av David.

2  Min Gud! Min Gud! Kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.

3  Min Gud! Eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.

4  Og du er då heilag, du som tronar yver Israels lovsongar.

5  På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du berga dei.

6  Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.

7  Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneske og vanvyrd av folk.

8  Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen, rister på hovudet og segjer:

9  Legg det på Herren! Han skal berga han, han skal fria han ut, sidan han hev hugnad i han.

10  Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.

11  På deg er eg kasta frå morslivet; frå morsfanget er du min Gud.

12  Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, og det finst ingen hjelpar.

13  Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.

14  Dei spilar upp sitt gap imot meg som ei flengjande og burande løva.

15  Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta er som voks, det smeltar inst i mitt liv.

16  Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til gomen, og du legg meg ned i daudens dust.

17  For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne hev kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.

18  Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei som ser på meg med lyst.

19  Dei skifter klædi mine millom seg og kastar lut um kjolen min.

20  Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!

21  Fria mi sjel frå sverdet, mitt einaste* frå hundevald!

22  Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn - du bønhøyrer meg!

23  Eg vil kunngjera ditt namn for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg.

24  De som ottast Herren, lova han, all Jakobs ætt, æra han, og hav age for han, all Israels ætt!

25  For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom og ikkje løynt si åsyn for han; men då han ropa til han, høyrde han.

26  Frå deg kjem min lovsong i ein stor lyd; eg vil halda mine lovnader for deira augo som ottast han.

27  Dei spaklyndte skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova han; hjarta dykkar leve til æveleg tid!

28  Alle endane av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle folke-ætter skal tilbeda for di åsyn.

29  For riket høyrer Herren til, og han råder yver folkeslagi.

30  Alle rikmenn på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne alle dei som stig ned i moldi, og den som ikkje kann halda si sjel i live.

31  Etterkomarane skal tena han; det skal verta fortalt um Herren til den ætti som kjem.

32  Dei skal koma og kunngjera hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23