«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 19

1  Til songmeisteren; ein salme av David.

2  Himlane fortel Guds æra, og kvelven forkynner kva hans hender hev gjort.

3  Ein dag let sin tale strøyma ut til den andre, og ei natt forkynner den andre sin kunnskap.

4  Der er ikkje tale, der er ikkje ord; deira røyst* vert ikkje høyrd.

5  Ut yver all jordi gjeng deira mælesnor*, og til heimsens ende deira ord. Åt soli hev han sett eit tjeld på dei.

6  Og ho er lik ein brudgdom som gjeng ut or sin kove, gled seg som ei kjempa til å renna sitt skeid.

7  Frå enden av himmelen er hennar utgang, og hennar umlaup til andre enden av han, og ingen ting er duld for hennar hete.

8  Herrens lov er fullkomi, ho kveikjer sjeli; Herrens vitnemål er trufast, det gjer den einfalde vis.

9  Herrens fyresegner er rette, dei gled hjarta; Herrens bodord er reint, det lyser upp augo.

10  Herrens age er rein, han stend æveleg ved lag; Herrens lover er sanning, dei er rettferdige alle saman.

11  Dei er kostelegare enn gull, ja fint gull i mengd, og søtare enn honning, ja honning som dryp or vokskakone.

12  Din tenar vert ogso påmint ved dei; den som held dei, hev stor løn.

13  Kven merkar kor tidt han fer vilt? Forlat meg mine løynlege brester!

14  Haldt og din tenar frå skamlege synder, lat dei ikkje få makt yver meg! So vert eg ulastande og utan skuld for store misgjerningar.

15  Lat talen i min munn og tanken i mitt hjarta vera til hugnad for di åsyn, Herre, du mitt berg og min atterløysar!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23