Salmenes bok 18
1 Til songmeisteren; av David, Herrens tenar, som førde fram for Herren ordi i denne songen den dagen då Herren hadde frelst han frå alle fiendane hans og frå Saul.
2 Og han sa: Herre, eg hev deg hjarteleg kjær, min styrke!
3 Herren er min berggrunn og mi festning og min frelsar; min Gud er mitt berg, som eg flyr til, min skjold og mitt frelse-horn, mi borg.
4 Eg kallar på Herren som er høglova, og vert frelst frå mine fiendar.
5 Daudsens reip var spent um meg, og straumar av vondskap skræmde meg.
6 Helheims reip var snørde um meg, daudsens snaror fanga meg.
7 I mi trengsla kalla eg på Herren, og eg ropa til min Gud; han høyrde frå sitt tempel mi røyst, og mitt skrik nådde fram for han, til hans øyro.
8 Då ristest jordi og skok seg, og grunnvollane i fjelli skalv og ristest, for han var harm.
9 Røyk steig upp or hans nase, og eld frå hans munn åt um seg; glør loga ut frå han.
10 Han lægde himmelen og steig ned, og det var kolmyrker under hans føter.
11 Han for fram på kjerubar og flaug, han sveiv på vengene åt vinden.
12 Og han gjorde myrker til sitt skyle, til åklæde rundt ikring seg, myrke vatn, tjukke skyer.
13 Frå glansen for hans andlet for hans skyer fram, hagl og gloande kol.
14 Herren tora i himmelen, den Høgste let røysti si ljoda, hagl og gloande kol.
15 Han sende ut sine piler og spreidde dei* ikring - eldingar i mengd og fortulla dei.
16 Djupålane i vatni kom til synes, grunnvollane i jordi vart berrsynte ved ditt trugsmål, Herre, ved andepusten frå din nase.
17 Han rette ut handi frå høgdi og greip meg; han drog meg upp or store vatn.
18 Han frelste meg frå min mektige fiende, frå mine hatarar; for dei var meg for sterke.
19 Dei for imot meg på min motgangs dag; men Herren vart min studnad.
20 Han førde meg ut i vidt rom; han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
21 Herren gjorde med meg etter mi rettferd, han lønte meg etter reinleiken i mine hender.
22 For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud.
23 For alle hans lover hadde eg for auga, bodordi hans støytte eg ikkje ifrå meg,
24 og eg var ulastande for han og tok meg i vare for mi synd.
25 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken i mine hender for hans augo.
26 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot den rettvise mannen syner du deg rettvis,
27 mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde gjer du deg rang.
28 For du frelser arme folk og tvingar høge augo ned.
29 For du let mi lampa lysa klårt; Herren min Gud gjer mitt myrker bjart.
30 For ved deg renner eg mot fiendeflokkar, ved min Gud spring eg yver murar.
31 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle dei som flyr til han.
32 For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg utan vår Gud?
33 Den Gud som gyrder meg med kraft og gjer vegen jamn for meg,
34 som gjev meg føter liksom hindane og set meg upp på mine høgder,
35 som lærer upp mine hender til strid, so mine armar spenner koparbogen.
36 Du gjev meg di frelsa til skjold, di høgre hand styd meg, og di småminking gjer meg stor.
37 Du gjer vidt rom for mine steg under meg, og mine oklo vaggar ikkje.
38 Eg elter mine fiendar og når dei att, og eg vender ikkje um fyrr eg hev gjort ende på dei.
39 Eg slær dei i knas, so dei vinn ikkje reisa seg; dei fell under føtene mine.
40 Du gyrder meg med kraft til striden; du bøygjer mine motmenner under meg.
41 Mine fiendar let du snu ryggen til meg, dei som hatar meg, ryd eg ut.
42 Dei ropar, men der er ingen frelsar - til Herren, men han svarar dei ikkje.
43 Eg smuldrar dei som dust for vinden; som søyla på gatone slær eg dei ut.
44 Du frelser meg frå folke-stridar; du set meg til hovud for heidningar; folk som eg ikkje kjenner, tener meg.
45 Ved gjetordet um meg lovar dei meg lydnad; framande folk smeikjer for meg.
46 Framande folk visnar av og gjeng skjelvande ut or sine borger.
47 Herren lever, og lova er han, mitt berg, upphøgd er min Frelse-Gud,
48 den Gud som gjev meg hemn og legg folkeslag under meg,
49 som frelser meg frå mine fiendar; ja, yver mine motmenner lyfter du meg høgt, frå valdsmannen bergar du meg.
50 Difor vil eg prisa deg millom heidningane, Herre, og lovsyngja ditt namn.
51 Han gjer frelsa stor for sin konge og gjer miskunn mot den han hev salva, mot David og hans ætt til æveleg tid.