Salmenes bok 17
1 Ei bøn av David. Herre, høyr på rettvis sak, lyd etter mitt rop, vend øyra til mi bøn frå sviklause lippor!
2 Lat min rett ganga ut frå di åsyn, dine augo skoda kva rett er!
3 Du hev prøvt mitt hjarta, gjesta det um natti, du hev ransaka meg, du fann ingen ting; min munn vik ikkje av frå mine tankar.
4 Mot det som menneske hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.
5 Mine fet heldt seg stødt til dine farvegar, mine steg var ikkje utstøde.
6 Eg ropar til deg, for du svarar meg, Gud! Halla øyra ditt til meg, høyr mitt ord!
7 Vis miskunn med underfulle verk, du som med di høgre hand frelser dei som flyr til deg, frå dine motstandarar!
8 Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen av dine venger
9 for dei ugudlege som øydelegg meg, mine fiendar til dauden, som kringset meg!
10 Dei let sitt feite hjarta att, med sin munn talar dei i ovmod.
11 Kvar me gjeng, kringgjeng dei meg no; sine augo set dei på å støyta meg ned til jordi.
12 Han er lik ei løva som stundar etter å riva sund, og ei ungløva som ligg i løyne.
13 Statt upp, Herre, stig fram imot han, støyt han ned, frels mi sjel frå den ugudlege med ditt sverd,
14 frå menneski med di hand, frå menneski av denne verdi, som hev sin lut i dette liv, og som du fyller buken på med dine skattar, dei som er rike på søner og let sine leivner etter seg til sine born!
15 Eg skal i rettferd skoda di åsyn, eg skal, når eg vaknar, mettast av din skapnad.