Salmenes bok 16
1 Ein miktam* av David. Vara meg, Gud! for eg flyr til deg.
2 Eg segjer til Herren: Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg -
3 med di eg held meg til dei heilage som er i landet, og dei herlege som eg hev all min hugnad i.
4 Mange sorger skal dei hava som byter åt seg andre*; eg vil ikkje renna ut deira** drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor***.
5 Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du gjer min lut herleg.
6 Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.
7 Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um nætene minner mine nyro meg um det.
8 Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.
9 Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra* fagnar seg; ja, ogso mitt kjøt skal bu i trygd.
10 For du vil ikkje yverlata mi sjel til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.
11 Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.