Salmenes bok 147
1 Lova Herren! For det er godt å lovsyngja vår Gud, ljuvleg er det, lovsong høver vel.
2 Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.
3 Han lækjer dei som hev eit sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.
4 Han set tal på stjernone, han gjev dei alle namn.
5 Vår Herre er stor og veldig i makt; på hans vit er det ikkje mål.
6 Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.
7 Svara Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med citar,
8 han som breider skyer yver himmelen, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.
9 Han gjev feet fór, ramn-ungane som ropar.
10 Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens legger.
11 Herren hev hugnad i dei som ottast han, dei som ventar på hans miskunn.
12 Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!
13 For han hev gjort dine portstenger faste, han hev velsigna dine born i deg.
14 Det er han som gjev dine grensor fred, mettar deg med den beste kveite.
15 Det er han som sender sin tale til jordi; ovsnøgt spring hans ord.
16 Det er han som gjev snø som ull, strår ut rim som oska.
17 Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?
18 Han sender sitt ord og smeltar dei; han let vinden sin blåsa, då renn vatn.
19 Han kunngjorde sitt ord for Jakob, sine bod og sine lover for Israel.
20 Soleis hev han ikkje gjort med noko heidningfolk, og lover* kjenner dei ikkje. Halleluja!