«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 146

1  Halleluja! Mi sjel, lova Herren!

2  Eg vil lova Herren so lenge eg lever, syngja lov for min Gud so lenge eg er til.

3  Set ikkje lit til hovdingar, til eit mannsbarn, som ikkje kann hjelpa.

4  Fer hans ånd ut, so vender han attende til si jord; den dagen er det ute med hans råder.

5  Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud,

6  han som skapte himmel og jord, havet og alt som i dei er, han som er trufast til æveleg tid,

7  som hjelper dei nedtyngde so dei fær sin rett, som gjev dei svoltne brød. Herren løyser dei bundne,

8  Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,

9  Herren varar dei framande; farlause og enkjor held han uppe, men han gjer vegen krokut for dei ugudlege.

10  Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23