«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 143

1  Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mine inderlege bøner, svara meg i din truskap, i di rettferd,

2  og gakk ikkje til doms med din tenar! For ingen som lever, er rettferdig for di åsyn.

3  For fienden hev forfylgt mi sjel, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg på myrke stader som dei æveleg daude.

4  Og mi ånd er vanmektig i meg, mitt hjarta er forskræmt i min barm.

5  Eg kjem fordoms dagar i hug, eg tenkjer på alt ditt verk, eg grundar på det dine hender hev gjort.

6  Eg retter ut mine hender til deg, mi sjel lengtar etter deg som eit uppturka land. Sela.

7  Skunda deg og svara meg, Herre! Mi ånd talmast; løyn ikkje ditt andlet for meg, so eg vert lik dei som fer ned i gravi!

8  Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal ganga, for til deg lyfter eg mi sjel!

9  Fria meg frå mine fiendar, Herre! Hjå deg søkjer eg livd.

10  Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode Ande leide meg på jamt lende!

11  For ditt namn skuld, Herre, vil du halda meg i live; i di rettferd vil du føra mi sjel ut or trengsla,

12  og i di miskunn vil du rydja ut mine fiendar og tyna alle som trengjer mi sjel; for eg er din tenar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23