«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 142

1  Ein salme til lærdom av David, då han var i helleren, ei bøn.

2  Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti mi bed eg inderleg til Herren.

3  Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg frå um mi naud.

4  Når mi ånd ormektast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ganga, hev dei lagt løynde snaror for meg.

5  Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte for meg, ingen spør etter mi sjel.

6  Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande.

7  Akta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke!

8  Før mi sjel ut or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Dei rettferdige skal samla seg kring meg, når du gjer vel imot meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23