«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 141

1  Ein salme av David. Herre, eg ropar på deg, skunda deg til meg! Vend øyra til mi røyst, no eg ropar til deg!

2  Lat bøni mi gjelda som røykoffer for di åsyn, mine upplyfte hender som kvelds-matoffer!

3  Herre, set vakt for munnen min, vara mi lippe-dør!

4  Bøyg ikkje mitt hjarta til noko vondt, til å gjera ugudlege gjerningar saman med menn som gjer urett, og lat meg ikkje eta av deira lostemat!

5  Lat ein rettferdig slå meg i kjærleik og tukta meg! Slik hovudolje skal ikkje mitt hovud forsmå! Um det varer, so set eg mi bøn mot deira vondskap.

6  Deira domarar vert støytte utfor fjellveggen, og sjølve skynar dei at mine ord var ljuvlege.

7  Som når ein pløgjer og skjer upp jordi, so ligg beini våre spreidde ikring attmed helheims-porten.

8  For upp til deg, Herre, Herre, ser mine augo, til deg flyr eg; tøm ikkje ut mi sjel!

9  Vara meg for fella dei hev sett for meg, og for snarone åt dei som gjer urett!

10  Lat dei ugudlege falla i sine eigne garn, medan eg gjeng uskadd framum!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23