«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 140

1  Til songmeisteren; ein salme av David.

2  Herre, berga meg frå vonde folk, vakta meg for valdsmenner,

3  som tenkjer ut vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!

4  Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lippone deira. Sela.

5  Vara meg, Herre, for hendene åt ugudlege folk, vakta meg for valdsmenner, som tenkjest til å få mine føter til fall!

6  Ovmodige folk hev lagt løynde fellor og reip for meg, dei hev strakt garn attmed vegen, dei hev sett snaror for meg. Sela.

7  Eg segjer til Herren: Du er min Gud; lyd, Herre, på mi bønerøyst!

8  Herren, Israels Gud, er mi sterke frelsa; du vernar mitt hovud på væpningsdagen.

9  Herre, lat ikkje den ugudlege få det han ynskjer, lat ikkje hans meinråd få framgang! Elles kom dei til å upphøgja seg. Sela.

10  Yver hovudet på dei som kringset meg, skal den ulukka koma som deira lippor valdar.

11  Glør skal ein rista ned yver dei; i elden skal han kasta dei, i djupe vatn, so dei ikkje kann reisa seg.

12  Ein munnkåt mann skal ikkje standa lenge i landet; den vonde valdsmannen skal han jaga med slag på slag.

13  Eg veit at Herren skal greida saki for armingen og hjelpa dei fatige so dei fær rett.

14  Ja, dei rettferdige skal prisa ditt namn, dei ærlege skal bu for di åsyn.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23