«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 14

1  Til songmeisteren; av David. Dåren segjer i sitt hjarta: Det er ingen Gud til. Vonde og styggelege er deira gjerningar; det er ingen som gjer godt.

2  Herren skodar ned frå himmelen på mannsborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud.

3  Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det finst ingen som gjer godt, det finst ikkje ein einaste.

4  Håttar dei då ikkje, alle dei som gjer urett, som er mitt folk, liksom dei et brød? På herren kallar dei ikkje.

5  Då vert dei storleg redde; for Gud er hjå den rettferdige ætt.

6  Den arme manns råd må de gjerne gjera til skammar; for Herren er hans tilhygge.

7  Å, gjev det frå Sion må koma frelsa for Israel! Når Herren gjer ende på sitt folks fangekår, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23