«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 139

1  Til songmeisteren; av David; ein salme. Herre, du ransakar meg og kjenner meg.

2  Anten eg sit, eller eg stend upp, so veit du det; du skynar min tanke langan veg.

3  Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant.

4  For det er ikkje eit ord på mi tunga - sjå, Herre, du veit det alt saman.

5  Du kringset meg på alle sidor, og du legg di hand på meg.

6  Å skyna dette er meg for underleg, det er for høgt, eg greider det ikkje.

7  Kvar skal eg fara frå din Ande, og kvar skal eg fly frå di åsyn?

8  Fer eg upp til himmelen, so er du der, og vil eg reida seng i helheimen, sjå, der er du og.

9  Tek eg vengene åt morgonroden, vil eg slå meg ned ved ytste havet,

10  so leider di hand meg der og, og di høgre hand held meg fast.

11  Og segjer eg: Myrkret løyne meg, og ljoset ikring meg verte natt -

12  so gjer ikkje heller myrkret det for myrkt for deg, og natti er ljos som dagen, myrkret er som ljoset.

13  For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morslivet.

14  Eg prisar deg av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjel veit det so vel.

15  Mine bein var ikkje løynde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi*.

16  Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne dei dagar som vart fastsette då ikkje ein av dei var komen.

17  Kor vektige dine tankar er for meg, du Gud, kor store summane er av dei!

18  Vil eg telja dei, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg.

19  Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege, og de blodfuse menner, vik burt frå meg -

20  dei som nemner ditt namn til å fremja meinråder, som brukar det til lygn, dine fiendar!

21  Skulde eg ikkje hata dei som hatar deg, Herre, og styggjast ved dei som stend deg imot?

22  Eg hatar dei med eit fullkome hat; fiendar er dei for meg.

23  Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar,

24  og sjå um eg er på fortapings veg, og leid meg på den ævelege vegen!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23