Salmenes bok 138
1 Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudane* vil eg syngja deg lov.
2 Eg vil kasta meg ned framfor ditt heilage tempel, eg vil prisa ditt namn for di miskunn og din truskap skuld; for du hev gjort ditt ord herleg, meir enn alt ditt namn.
3 Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg hugheil, mi sjel fekk styrke.
4 Herre! Alle kongar på jordi skal prisa deg når dei fær høyra ordi frå din munn.
5 Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,
6 for Herren er høg, og han ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.
7 Um eg ferdast midt i trengsla, held du meg i live; mot harmen åt mine fiendar retter du ut di hand, og du frelser meg med di høgre hand.
8 Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!