«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 137

1  Ved Babels elvar, der sat me og gret når me kom Sion i hug.

2  På vier-runnane der i landet hengde me harpone våre;

3  for der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga, og dei som plaga oss, bad oss vera glade: Syng åt oss av Sions songar!

4  Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?

5  Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma meg*!

6  Gjev tunga må hanga fast ved gomen min dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda!

7  Herre, kom i hug Jerusalems dag og refs Edoms-borni, dei som sa: Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!

8  Babels dotter, du øydelagde! Sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss.

9  Sæl er den som tek dine småborn og krasar dei imot berget.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23