«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 136

1  Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.

2  Prisa han som er Gud yver alle gudar! For hans miskunn varer æveleg.

3  Prisa han som er Herre yver alle herrar! For hans miskunn varer æveleg;

4  han, den einaste som gjer store under, for hans miskunn varer æveleg;

5  han som gjorde himmelen med vit, for hans miskunn varer æveleg;

6  han som strakte jordi yver vatni, for hans miskunn varer æveleg;

7  han som gjorde dei store ljos, for hans miskunn varer æveleg,

8  soli til å råda um dagen, for hans miskunn varer æveleg,

9  månen og stjernone til å råda um natti, for hans miskunn varer æveleg;

10  han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for hans miskunn varer æveleg,

11  og førde Israel ut frå dei, for hans miskunn varer æveleg,

12  med sterk hand og strak arm, for hans miskunn varer æveleg;

13  han som skar sund Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg,

14  og let Israel ganga midt igjenom, for hans miskunn varer æveleg,

15  og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg;

16  han som førde sitt folk gjenom øydemarki, for hans miskunn varer æveleg;

17  han som slo store kongar, for hans miskunn varer æveleg,

18  og drap herlege kongar, for hans miskunn varer æveleg,

19  Sihon, amoritarkongen, for hans miskunn varer æveleg,

20  og Og, Basan-kongen, for hans miskunn varer æveleg,

21  og gav deira land til arv, for hans miskunn varer æveleg,

22  til arv for Israel, sin tenar, for hans miskunn varer æveleg;

23  han som kom oss i hug i vår stakkarsdom, for hans miskunn varer æveleg,

24  og reiv oss ut or fiendevald, for hans miskunn varer æveleg;

25  han som gjev alt som lever mat, for hans miskunn varer æveleg.

26  Prisa Gud i himmelen, for hans miskunn varer æveleg!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23