«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 135

1  Halleluja! Lova Herrens namn, lova, de Herrens tenarar,

2  de som stend i Herrens hus, i fyregardane til vår Guds hus!

3  Lova Herren! for Herren er god, syng lov for hans namn! for det er ljuvleg.

4  For Herren hev valt seg ut Jakob, Israel til sin eigedom.

5  Eg veit at Herren er stor, og vår Herre er større enn alle gudar.

6  Herren gjer alt det han vil i himmelen og på jordi, i havi og i alle djup,

7  han som let regnskyer stiga upp frå enden av jordi, gjer eldingar til regn, fører vind ut or sine gøymslor,

8  han som slo dei fyrstefødde i Egyptar-land, både av folk og fe,

9  som sende teikn og under midt i deg, Egyptar-land, mot Farao og alle hans tenarar,

10  han som slo mange heidning-folk og drap mektige kongar,

11  Sihon, amoritarkongen, og Og, Basan-kongen, og alle Kana'ans kongerike,

12  og gav deira land til arv, til arv for Israel, sitt folk.

13  Herre, ditt namn varer æveleg, Herre, ditt minne frå ætt til ætt.

14  For Herren skal døma sitt folk, og sine tenarar skal han miskunna.

15  Heidninge-avgudane er sylv og gull, eit verk av mannehender.

16  Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;

17  dei hev øyro, men høyrer ikkje, og det er ingen ande i deira munn.

18  Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.

19  Israels hus, lova Herren! Arons hus, lova Herren!

20  Levis hus, lova Herren! De som ottast Herren, lova Herren!

21  Lova vere Herren frå Sion, han som bur i Jerusalem! Halleluja!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23