Salmenes bok 132
1 Ein song til høgtidsferdene. Herre, gjev David løn for all hans møda,
2 han som svor for Herren, lova Jakobs Veldige:
3 Eg gjeng ikkje inn i mitt heimetjeld, eg stig ikkje upp på lega i mi seng,
4 eg unner ikkje augo svevn, ikkje augneloki ein blund,
5 fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Veldige.
6 Sjå, me høyrde um henne* i Efrata**, me fann henne i skogbygdi***.
7 Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!
8 Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!
9 Lat prestane dine klæda seg i rettferd og dine trugne ropa med fagnad!
10 For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!
11 Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol;
12 dersom borni dine held mi pakt og mine vitnemål, som eg skal læra dei, so skal og deira born æveleg og alltid sitja på din kongsstol.
13 For Herren hev valt seg Sion, ynskt seg det til bustad:
14 Dette er min kvilestad for all tid; her vil eg bu, for det hev eg ynskt.
15 Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,
16 og prestane vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.
17 Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, stella til ei lampa for den eg hev salva.
18 Hans fiendar vil eg klæda med skam, men på han skal hans kruna stråla.