Salmenes bok 130
1 Ein song til høgtidsferdene. Or djupet ropar eg på deg, Herre!
2 Herre, høyr mi røyst, lat dine øyro akta på mi bønerøyst!
3 Dersom du, Herre, vil gøyma på misgjerningar, Herre, kven kann då standa?
4 For hjå deg er forlatingi, so dei skal ottast deg.
5 Eg vonar på Herren, mi sjel vonar, og eg ventar på hans ord.
6 Mi sjel ventar på Herren meir enn vaktmenner på morgonen, vaktmenner på morgonen.
7 Venta på Herren, Israel! For hjå Herren er nåden, og stor utløysing er hjå han,
8 og han skal løysa Israel frå alle deira misgjerningar.