Salmenes bok 13
1 Til songmeisteren; ein salme av David.
2 Kor lenge, Herre, vil du allstødt gløyma meg? Kor lenge vil du løyna di åsyn for meg?
3 Kor lenge skal eg hysa sorger i mi sjel, hugverk i mitt hjarta heile dagen? Kor lenge skal min fiende høgmodast yver meg?
4 Sjå hit, svara meg, Herre min Gud! Lys upp mine augo, so eg ikkje skal sovna inn i dauden,
5 so min fiende ikkje skal segja: Eg vann yver han, so mine motstandarar ikkje skal fagna seg når eg fell.
6 Men eg set mi lit til di miskunn, mitt hjarta skal fagna seg i di frelsa; eg vil lovsyngja Herren, for han hev gjort vel imot meg.