Salmenes bok 129
1 Ein song til høgtidsferdene. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom - so segje Israel -
2 mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje vunne yver meg.
3 Ryggen min hev plogmenner pløgt, dei hev gjort sine forer lange.
4 Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi åt dei ugudlege.
5 Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion,
6 dei skal verta som gras på taki, som hev visna fyrr det vert rive upp.
7 Slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.
8 Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!