Salmenes bok 128
1 Ein song til høgtidsferdene. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar.
2 Det du hev vunne med ditt strev, skal du njota; sæl er du, og det gjeng deg vel.
3 Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.
4 Sjå, soleis vert den mann velsigna som ottast Herren.
5 Herren skal velsigna deg frå Sion, og du skal sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine levedagar.
6 Og du skal få sjå born av dine born. Fred vere yver Israel!