Salmenes bok 127
1 Ein song til høgtidsferdene; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det; dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vaktmannen fåfengt.
2 Fåfengt er det at de stend tidleg upp og set dykk seint ned og et brød som de hev slepa for; det same gjev han venen sin medan han søv.
3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.
4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.
5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av dei; dei vert ikkje til skammar når dei talar med fiendar i porten.