Salmenes bok 126
1 Ein song til høgtidsferdene. Då Herren let Sions fangar fara heim att, då var me som drøymande;
2 då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop, då sa dei millom heidningane: Store ting hev Herren gjort mot desse.
3 Store ting hev Herren gjort mot oss, og me vart glade.
4 Herre, før du våre fangar heim att som bekker i sudlandet*!
5 Dei som sår med gråt, skal hausta med glederop.
6 Gråtande gjeng dei av stad og ber sitt såkorn; med fagnadrop kjem dei heim og ber sine kornband.