Salmenes bok 125
1 Ein song til høgtidsferdene. Dei som lit på Herren, er som Sions-fjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.
2 Kringum Jerusalem er fjell, og Herren hegnar sitt folk frå no og i all æva.
3 For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, so ikkje dei rettferdige skal retta ut sine hender til urett.
4 Gjer godt, Herre, mot dei gode, mot dei som hev eit ærleg hjarta!
5 Men dei som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara i lag med dei som gjer urett. Fred vere yver Israel!