Salmenes bok 122
1 Ein song til høgtidsferdene; av David. Glad vart eg då dei sa til meg: Me vil ganga til Herrens hus.
2 Våre føter stend i dine portar, Jerusalem.
3 Jerusalem, du velbygde by, ein by som heng vel i hop,
4 der ættene fer upp, Herrens ætter, etter lovi for Israel, til å prisa Herrens namn.
5 For der er domarstolar sette, stolar for Davids hus.
6 Bed um fred for Jerusalem! Det gange dei vel som elskar deg!
7 Fred vere innanfor din voll og ro i dine salar!
8 For mine brør og vener skuld vil eg segja: Fred vere i deg!
9 For Herrens, vår Guds hus skuld vil eg søkja det som er godt for deg.