«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 12

1  Til songmeisteren, etter Sjeminit*; ein salme av David.

2  Frels, Herre! For dei gudlege er burte, dei trufaste finst ikkje meir millom mannsborni.

3  Lygn talar dei, kvar med sin næste, med smeikjande lippor; med tvihuga hjarta talar dei.

4  Herren rydje ut alle smeikjande lippor, den tunga som talar store ord,

5  dei som segjer: Ved vår tunga skal me sigra; våre lippor er med oss, kven er herre yver oss?

6  Etter di dei arme fer ille, og dei fatige sukkar, vil eg no reisa meg, segjer Herren; eg vil hjelpa dei til frelsa som stundar deretter.

7  Herrens ord er reine ord, liksom sylv som er reinsa i ei deigla i jordi, sju gonger skirt.

8  Du, Herre, vil vara dei, du vil verna dei mot denne ætti for all tid.

9  Rundt um sviv dei ugudlege ikring, når nidingskap vert sett høgt hjå mannsborni.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23