«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 119

1  Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov.

2  Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer han av alt sitt hjarta

3  og ikkje gjer urett, men ferdast på hans vegar.

4  Du hev gjeve dine fyresegner so ein skal halda dei vel.

5  Å, måtte vegane mine verta faste, so eg held dine fyreskrifter!

6  Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bod.

7  Eg vil prisa deg av eit ærleg hjarta når eg lærer å kjenna dine rettferds-lover.

8  Dine fyreskrifter vil eg halda; du må ikkje reint forlata meg!

9  Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.

10  Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg; lat meg ikkje villast burt frå dine bod!

11  I mitt hjarta hev eg gøymt ditt ord so eg ikkje skal synda imot deg.

12  Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!

13  Med lippone mine hev eg forkynt alle lover frå din munn.

14  Eg hev gledt meg yver vegen etter dine vitnemål, som yver all rikdom.

15  På dine fyresegner vil eg grunda og tenkja på dine stigar.

16  I dine fyreskrifter frygdar eg meg, eg gløymer ikkje ditt ord.

17  Gjer vel imot din tenar, so eg fær leva! Då vil eg halda ditt ord.

18  Lat upp augo mine, so eg kann skoda dei underfulle ting i di lov!

19  Ein gjest er eg på jordi; løyn ikkje dine bod for meg!

20  Mi sjel er sundknasa, so eg lengtar etter dine lover til kvar tid.

21  Du hev truga dei ovmodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bod.

22  Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! For eg hev akta på dine vitnemål.

23  Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.

24  Dine vitnemål er og min hugnad; dei er mine rådgjevarar.

25  Mi sjel ligg nedi dusti; haldt meg i live etter ditt ord!

26  Eg fortalde deg um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!

27  Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.

28  Mi sjel græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!

29  Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!

30  Truskaps veg hev eg valt, dine lover hev eg sett framfor meg.

31  Eg held meg til dine vitnemål; Herre, lat meg ikkje verta til skammar!

32  Vegen etter dine bodord vil eg springa; for du friar mitt hjarta frå otte.

33  Herre, lær meg vegen etter dine fyreskrifter! So vil eg taka vare på han alt til enden.

34  Gjev meg skyn! So vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.

35  Leid meg fram på dine bodords stig! For han er til hugnad for meg.

36  Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!

37  Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!

38  Gjer sannrøynt for din tenar ordet ditt, som er for dei som ottast deg!

39  Tak burt mi vanæra, som eg er redd! For dine lover er gode.

40  Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner; haldt meg i live ved di rettferd!

41  Lat dine nådegjerningar koma yver meg, Herre, di frelsa etter ditt ord!

42  Eg vil gjeva svar til han som spottar meg; for eg lit på ditt ord.

43  Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min! For eg ventar på dine domar.

44  Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.

45  Lat meg ferdast i det frie! For eg spør etter dine fyresegner!

46  Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.

47  Eg frygdar meg ved dine bod, som eg elskar.

48  Eg lyfter mine hender til dine bod, som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.

49  Kom i hug ordet til din tenar, med di du hev gjeve meg von!

50  Det er mi trøyst i min vesaldom at ditt ord hev halde meg i live.

51  Dei ovmodige hev spotta meg mykje; frå di lov hev eg ikkje vike.

52  Eg kom i hug dine domar frå gamle dagar, Herre, og eg vart trøysta.

53  Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege, som vender seg ifrå di lov.

54  Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.

55  Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.

56  Dette timdest meg: at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.

57  Herren er min lut, sa eg, med di eg heldt dine ord.

58  Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!

59  Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.

60  Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bod.

61  Bandi åt dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.

62  Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferds-lover.

63  Eg held meg til alle dei som ottast deg, og som held dine fyresegner.

64  Jordi er full av di miskunn, Herre; lær meg dine fyreskrifter!

65  Du hev gjort vel imot tenaren din, Herre, etter ditt ord.

66  Lær meg god skynsemd og kunnskap! For eg trur på dine bod.

67  Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt; men no held eg ditt ord.

68  Du er god og gjer godt; lær meg dine fyreskrifter!

69  Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg; eg held dine fyresegner av alt mitt hjarta.

70  Deira hjarta er som ein feittklump; eg fegnast ved di lov.

71  Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.

72  Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund gull- og sylvstykke.

73  Dine hender hev skapt meg og laga meg til; gjev meg skyn, so eg kann læra dine bod!

74  Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg; for eg ventar på ditt ord.

75  Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og i truskap hev du bøygd meg ned.

76  Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!

77  Lat di miskunn koma yver meg, so eg kann leva! For di lov er mi lyst.

78  Lat dei ovmodige verta skjemde! For dei hev trykt meg utan årsak; eg grundar på dine fyresegner.

79  Lat dei koma attende til meg, dei som ottast deg og kjenner dine vitnemål!

80  Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!

81  Mi sjel naudstundar etter di frelsa; eg ventar på ditt ord.

82  Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: Når vil du trøysta meg?

83  For eg er som ei vinhit i røyk*; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.

84  Kor mange er vel dagane for din tenar? Når vil du halda dom yver dei som forfylgjer meg?

85  Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje lever etter di lov.

86  Alle dine bod er trufaste; utan årsak forfylgjer dei meg; hjelp meg!

87  Dei hev mest tynt meg i landet; men eg hev ikkje gjenge ifrå dine fyresegner.

88  Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg halda vitnemålet frå din munn!

89  Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.

90  Frå ætt til ætt varer din truskap; du grunnfeste jordi, og ho stod der.

91  Til å setja dine domar i verk stend dei* der i dag; for alle ting er dine tenarar.

92  Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.

93  I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner; for ved dei hev du halde meg i live.

94  Din er eg, frels meg! For eg hev spurt etter dine fyresegner.

95  Dei ugudlege hev venta på meg og vil tyna meg; eg aktar på dine vitnemål.

96  På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men ditt bod rekk ovleg vidt.

97  Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.

98  Dine bod gjer meg visare enn mine fiendar; for æveleg eig eg dei.

99  Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar; for eg grundar på dine vitnemål.

100  Eg er vitugare enn dei gamle; for eg hev teke vare på dine fyresegner.

101  Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.

102  Frå dine lover hev eg ikkje vike; for du hev lært meg upp.

103  Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min!

104  Av dine fyresegner fær eg vit; difor hatar eg kvar lygnestig.

105  Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.

106  Eg hev svore - og eg hev halde det - å halda dine rettferds-lover.

107  Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!

108  Lat min munns friviljuge offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine lover!

109  Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.

110  Dei ugudlege hev lagt snara for meg, men eg hev ikkje villa meg burt frå dine fyresegner.

111  Eg hev fenge dine vitnemål til æveleg eiga; for dei er mi hjartans gleda.

112  Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter æveleg, alt til enden.

113  Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.

114  Du er mi livd og min skjold, eg ventar på ditt ord.

115  Vik frå meg, de som gjer vondt, so eg kann halda min Guds bod!

116  Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann leva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!

117  Styd meg, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.

118  Du aktar for inkje alle dei som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.

119  Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.

120  Eg rys i holdet av redsla for deg, og eg ottast for dine domar.

121  Eg hev gjort rett og rettferd; du vil ikkje gjeva meg yver til dei som trælkar meg.

122  Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga han vel! Lat ikkje dei ovmodige trælka meg!

123  Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferds ord.

124  Gjer med din tenar etter di miskunn, og lær meg dine fyreskrifter!

125  Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!

126  Det er tid for Herren til å gripa inn; dei hev brote di lov.

127  Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja meir enn fint gull.

128  Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.

129  Underfulle er dine vitnemål; difor tek mi sjel vare på dei.

130  Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.

131  Eg let munnen upp og sukka av lengting; for eg stunda etter dine bod.

132  Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot dei som elskar ditt namn!

133  Gjer mine steg faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!

134  Løys du meg ut or menneskevald! So vil eg halda dine fyresegner.

135  Lat di åsyn lysa for din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!

136  Vassbekker renn or augo mine av di folk ikkje held di lov.

137  Herre, du er rettferdig, og dine domar er rettvise.

138  Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.

139  Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.

140  Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.

141  Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.

142  Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.

143  Naud og trengsla fann meg; dine bod er mi lyst.

144  Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann leva!

145  Eg ropar av alt mitt hjarta; svara meg, Herre! Eg vil taka vare på dine fyreskrifter.

146  Eg ropar til deg, frels meg! So vil eg halda dine vitnemål.

147  Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på dine ord.

148  Mine augo var uppe fyre nattevaktene, so eg kunde grunda på ditt ord.

149  Høyr mi røyst etter di miskunn! Herre, haldt meg i live etter dine lover!

150  Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.

151  Du er nær, Herre, og alle dine bod er sanning.

152  Longe sidan veit eg av dine vitnemål at du hev grunnfest dei i all æva.

153  Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For eg hev ikkje gløymt di lov.

154  Før mi sak og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!

155  Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dei spør ikkje etter dine fyreskrifter.

156  Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!

157  Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; eg hev ikkje vike frå dine vitnemål.

158  Eg såg dei utrue og fekk mothug, av di dei ikkje heldt ditt ord.

159  Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!

160  Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov ved lag.

161  Hovdingar forfylgde meg utan årsak, men mitt hjarta ottast dine ord.

162  Eg gleder meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.

163  Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.

164  Sju gonger um dagen hev eg prisa deg for dine rettferdige lover.

165  Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær dei til å snåva.

166  Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bod hev eg halde.

167  Mi sjel hev halde dine vitnemål, og dei var meg inderleg kjære.

168  Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål; for alle mine vegar er for di åsyn.

169  Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord!

170  Lat mi hjartebøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!

171  Mine lippor skal fløda yver av lovsong; for du lærer meg dine fyreskrifter.

172  Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bod er rettferd.

173  Lat di hand vera meg til hjelp! For eg hev valt dine fyresegner.

174  Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.

175  Lat mi sjel leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!

176  Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! For eg hev ikkje gløymt dine bod.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23