«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 118

1  Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!

2  Israel segje: Hans miskunn varer æveleg!

3  Arons hus segje: Hans miskunn varer æveleg!

4  Dei som ottast Herren, segje: Hans miskunn varer æveleg!

5  Ut or trengsla ropa eg på Herren; Herren svara meg og førde meg ut i det frie.

6  Herren er med meg, eg reddast ikkje; kva kann menneske gjera meg?

7  Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på dei som hatar meg.

8  Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneske.

9  Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.

10  Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

11  Dei kringset meg, ja, dei kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

12  Dei kringset meg som bior, dei sloknar som eld i klunger; i Herrens namn skal eg hogga dei ned.

13  Hardt støytte du* meg so eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.

14  Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa.

15  Fagnadrop um frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.

16  Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.

17  Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja Herrens gjerningar.

18  Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.

19  Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom dei, eg vil prisa Herren.

20  Dette er Herrens port; dei rettferdige skal ganga inn gjenom den.

21  Eg vil prisa deg for di du svara meg og vart meg til frelsa.

22  Den steinen som byggjarane vanda, hev vorte hyrnestein.

23  Det er Herren sjølv som hev gjort det so; for oss er det eit stort under.

24  Dette er dagen som Herren hev gjort; lat oss fegnast og gleda oss no!

25  Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!

26  Velsigna vere han som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.

27  Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!

28  Du er min Gud, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.

29  Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23