«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 116

1  Eg elskar Herren, for han høyrer mi røyst, mine hjartebøner.

2  For han hev halla sitt øyra til meg, og alle mine dagar vil eg kalla på han.

3  Daudsens reip hadde spent seg um meg, helheims redslor hadde funne meg; naud og sorg fann eg.

4  Men eg kalla på Herrens namn: Å Herre, berga mi sjel!

5  Herren er nådig og rettferdig, og vår Gud er miskunnsam.

6  Herren varar dei einfalde; eg var ein arming, og han frelste meg.

7  Kom attende, mi sjel, til di ro! For Herren hev gjort vel imot deg.

8  For du fria mi sjel frå dauden, mitt auga frå gråt, min fot frå fall.

9  Eg skal ferdast for Herrens åsyn i landi åt dei levande.

10  Eg trudde, for eg tala; eg var i stor plaga.

11  Eg sa i min reddhug: Kvar mann er ein ljugar!

12  Kva skal eg gjeva Herren att for alle hans velgjerningar imot meg?

13  Eg vil lyfta frelse-staupet og kalla på Herrens namn.

14  Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk.

15  Dyr er i Herrens augo dauden åt hans heilage.

16  Å Herre! Eg er din tenar, veit du, eg er din tenar, son åt di tenestkvinna; du hev løyst mine band.

17  Til deg vil eg ofra takkoffer, og Herrens namn vil eg påkalla.

18  Mine lovnader vil eg halda for Herren, og det for augo på alt hans folk,

19  i fyregardane til Herrens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23