Salmenes bok 115
1 Ikkje oss, Herre, ikkje oss, men ditt namn gjeve du æra for di miskunn, for din truskap skuld!
2 Kvifor skal heidningane segja: Kvar er no deira Gud?
3 Vår Gud er då i himmelen; alt det han vil, det gjer han.
4 Deira avgudar er sylv og gull, eit verk av mannehender.
5 Dei hev munn, men talar ikkje; dei hev augo, men ser ikkje;
6 dei hev øyro, men høyrer ikkje; dei hev nos, men luktar ikkje.
7 Med sine hender kjenner dei ikkje, med sine føter gjeng dei ikkje; dei hev ikkje mål i strupen.
8 Som dei sjølve er, vert dei som lagar dei, alle som set si lit til dei.
9 Israel, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
10 Arons hus, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
11 De som ottast Herren, lit på Herren! Han er deira hjelp og skjold.
12 Herren kom oss i hug; han skal velsigna, han skal velsigna Israels hus, han skal velsigna Arons hus,
13 han skal velsigna dei som ottast Herren, dei små med dei store.
14 Herren late dykk aukast, dykk og dykkar born!
15 Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel og jord!
16 Himmelen er Herrens himmel, men jordi hev han gjeve mannsborni.
17 Dei daude lovar ikkje Herren, ingen av dei som stig ned i helheims-stilla.
18 Men me skal lova Herren frå no og til æveleg tid. Halleluja!