«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 112

1  Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i bodi hans.

2  Hans avkjøme skal vera veldigt på jordi; ætti av dei ærlege skal verta velsigna.

3  Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.

4  Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, for den som er nådig og miskunnsam og rettferdig.

5  Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån; han hevdar all si sak i retten.

6  For dei skal ikkje rikka han i all æva; den rettferdige skal vera i æveleg minne.

7  For vond tidend skal han ikkje reddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.

8  Hans hjarta er trygt; han reddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.

9  Han hev strått ut, han hev gjeve til dei fatige; hans rettferd stend æveleg fast, hans horn skal verta upplyft med æra.

10  Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp; det dei ugudlege trår etter, vert upp i inkje.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23