«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salmenes bok 110

1  Av David; ein salme. Herren sa til min Herre: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel for dine føter!

2  Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!

3  Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg, som dogg or fanget på morgonroden.

4  Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.

5  Herren ved di høgre hand knasar kongar på sin vreide-dag.

6  Han held dom millom heidningane, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.

7  Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23